NY KONRAD
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Apr 2012
Jarle Konrad Fausa vart fyrst med påmeldinga av Konradane til årets løp. No har Konrad Brunstad – eit sterkt , godt namn i denne samanhang – også meldt seg på. For dei som ikkje veit det: Konrad Brunstad er soneson til Oline og Jon C Brunstad, som dei fleste i dalen kjenner. Faren heiter Karl Egil Brunstad, voks opp i Bruagarden og gjekk på Velledalen skule i sin barndom. Familien bur no på Meisingset på Nordmøre. Vi nemner óg at den unge utgåva av Konrad Brunstad faktisk er i slekt med mannen løpet er til minne om.
Fleire Konradar vert motteke med takk!