Lause rykte
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Apr 2012
Rykta går på at ordførar Petter Lyshol skal ha utfordra lokalavisredaktør, Frank Kjøde, til duell under årets Konradløp. Ein skikkeleg godbit kunne det ha blitt, mellom to av mannfolka med mest makt i bygda. Men har vi på noverande tidspunkt hald i at duellen vil finne stad, spurde vi Ellen Marie Hole som har oversikt over påmeldingane ?
-
Ingen av dei to du nemner er mellom dei drygt 70 påmelde til no. Om det vert ein slik duell er på det noverande tidspunkt heilt ukjend for arrangøren. Går ein inn i statistikken, og søkjer på namna deira, finn ein ingen treff. Det betyr at ingen av dei har delteke tidlegare heller. Difor finn eg det pussig om dei brått skulle, men dei er sjølvsagt hjarteleg velkomne, det er trass alt 10 års jubileum.
-
Er det venta andre duellar av interesse ?
-
Det er det. Skulelærar Nils Terje Skylstad plar utfordre elevane sine, og det vankar rause premiar til dei som slår han. Skal ein greie det må ein mest truleg ned på 16-talet.
-
Elles plar det vere ein og anna far/son-duell, mor/dotter-duell og bror mot bror. Men oftast går desse sin gang utan vidare merksemd.
-
Har du anna å melde ut frå påmeldingane så langt?
-
Ja, hittil er fire nasjonar representert. Sjølvsagt folk frå Sykkylven, Ålesund, Gjelleråsen, Jar og ekstra mange frå Stranda. Vi har ein skikkeleg godbit, men den vil vi ikkje røpe før nærare løpet. Men vi kan alt no røpe at ein av deltakarane i årets løp gjer noko ingen andre har vore i nærleiken av å ha gjort før henne.