Konradløpet: Den kvinnelege løyperekordhaldaren påmeldt
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Apr 2012
Løyperekordhaldaren for menn lyder namnet Knut Lium. Han sprang på 15.07 i 2009. Nærast er Lars Anders Hoel frå Valldal, tidlegare langrennsløpar, som vann i 2011 på 15.13. Ingen av desse er hittil påmelde.
På kvinnesida er tvillaust Hilde Riksheim Tandstad dronninga av Konradløpet. Her er tidene hennar dei siste fem åra:
2007: 18.46
2008: 19.23
2009: 19.00
2010: 18.46
2011: 19.55 (i russeantrekk)
Som vi ser har Hilde to gonger sprunge på 18.46. Og ho er altså påmeldt, klar til å føye ei ny fin sluttid inn i den imponerande rekkja.
Ingen av Hilde sine hardaste konkurrentane har førebels meldt seg som deltakarar for 2012. Her er lista over dei som har tider nærast Hilde:
18.54: Elisabeth Overvoll Hole
19.21: Nancy Eggen
19.30: Ragnfrid Aamodt
19.48: Gudrun Wangsmo
19.49: Ragnhild Fjærestad
19.55: Kjerstin Fet Vindenes
Som vi ser har sju kvinner pressa seg under 20 minutt grensa. Og vi berre nemner det; premien for ny løyperekord er i år kr 1000 både for kvinner og menn.
Vi finn det óg rett å presisere og minne om:
KONRADLØPET – DER FARTA IKKJE ER VIKTIG
Men vi vil at dei som har fart ikkje brenn inne med den. BRUK FARTA DI, OM DU HAR !!