Vinnar påskekonkurransen

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Apr 2012

Vi ville ha namna på to av Velledalen IL sine tre personar i alderen under 25 år som gjekk Birken i 2011, men som ikkje gjorde det i 2012. Dei tre var:


Fredrik Ø. Nilsen


Bastian Skogvold


Kenneth Fet

   

Men det heldt altså om ein visste to av dei, og det gjorde som sagt mange.

   

Dermed vart det loddtrekning, og den som hadde flaks i trekninga var:
  GUNNAR SKOGVOLD, og det skulle vel berre mangle om ikkje han visste akkurat dette.


Feit premie til Gunnar er i kjømda.

   

At det vart mannleg vinnar var elles heilt i tråd med statistikken, då ganske nøyaktig 75 prosent av dei rette svara hadde mannlege avsendarar.