Påskekonrad laurdag 7. april klokka 1000
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Apr 2012
Påskekonrad ser ut til å bli ein fast tradisjon. Også dette året har VIL fått spørsmål om å arrangere eit lite løp i påska – for personar som ikkje har høve til å delta 1.mai.
Kor mange deltakarar her blir veit vi lite om. Det er påmelding før start – frå klokka 0945
Det skal betalast startkontingent, og løpet vert godskrive som deltaking på line med 1.mai. Ein av dei som spring i morgon skal sogar ha Konradmedaljen i gull for seks års deltaking.
Tips gjerne tilreisande påskegjestar om dette. Det er berre å møte fram ved Jokerbutikken i tidsrommet 0945-1000. Om nokon vil gjennomføre Minikonradløypa er det høve til det. Deltakarpremiane har vi fått, så her vert det premie i handa ved målgang.
Les elles om Konradløpet på VIL si hovudside. Her finn de informasjon om løypelengd med meir. Spørsmål elles kan rettast til Atle Hole, tlf 70 25 07 49 eller 917 43 761