30 kan delta for tiande gong.
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Apr 2012
Ingebjørg Hole skal ha ti års premie om ho stiller i Konradløpet 1. mai.
Vi har tidlegare meldt at 163 personar er kvalifisert til Konradmedaljen i sølv (3 gonger) eller gull (6 gonger) om dei deltek i årets Konradløp. Medrekna dei 30 som er kvalifisert til 10 års premie kan i beste fall 193 personar hente seg fortent heider 1.mai 2012.
Som ein skjønar må ein ha orden i papira frå år til år for at dette skal gå bra. For tida er det Lars Inge Sæther som gjer jobben. Og han gjer den på beste måte.
Målet er at vi som arrangør , i god tid før årets løp, vil sende ut melding til dei som er kvalifiserte til heider. Ein omfattande jobb. Svært mange av dei som har delteke ni gonger kjem frå nærmiljøet. Like lett er det ikkje å spore opp alle som har deltek to gonger – fleire av desse bur heller ikkje i Sykkylven kommune.
Det finst sjølvsagt feilkjelder. Det kan bli krull om ein melder seg på med eitt etternamn ein gong og to den neste. Somme har kanskje gifta seg og skifta namn. Difor er det viktig at feil vert melde. Sjølv om du ikkje er kvalifisert til medalje eller 10 års premie, kan det vere nyttig å sjekke statusen etter årets løp. Det gjer du etter løpet i Velledalen grendahus i samband med opplegget der (frukost, premieutdeling og film). Kontakt personane som har med medaljeutdelinga å gjere.