Ros til klubbmeteorologen.
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Apr 2012
14 dager før påske hadde VIL-nett ei sak der laget sin klubbmeteorolog, Per Gunnar Holmberg, melde vêret fram til påske og i påska. Diverre for alle påskegjestar og andre - meldingane hans slo til:
-
Det vert mildvêr heilt fram til påske. Då slår det om med til nordvest og snø, og det kan til og med bli mykje snø, meinte gartnaren for drygt to veker sidan.
Grunnen til at VIL spurde han til råds var det planlagde arrangementet som var tenkt arrangert Palmesundag, Det Store Folkerennet. Det vart som alle
veit avlyst.
Det er heller ikkje fyrste gongen Holmberg treff med påskevêret. I fjor fekk han to aktuelle renndatoar, og vart lang tid i førevegen beden om å plukke ut den beste vêrmessig. Heller ikkje det noko problem for mannen som heretter vil bere namnet KLUBBMETEOROLOG – for Velledalen IL