Nytt feilkjøp av AaFK..?

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Apr 2012

Aalesunds Fotballklubb har i lengre tid jakta på ein ny spiss. Ein garantist for 10-15 seriemål i løpet av ein sesong. Klubben har handla inn ungguten Tremaine Stewart, og jakta på Odd sin Torgeir Børven og Magnus Solum frå Kongsvinger. Den jakta slo feil.

   

Men like før overgangsvindauget stengde ved midnatt, melde klubbdirektør Henrik Hoff at klubben hadde signert den rutinerte 43-åringen, Jostein Linga, frå FK Sykkylven.

   -
   
 Dermed greidde eg kravet frå Rekdal, som eg har hatt hengande over meg som ei mare siste tida, om ein ny spiss før fristen gjekk ut. Det stod mellom Linga og Øyvind Utgård, men vi landa tilslutt på Linga på grunn av hans større luftstyrke.

   -
   
 Har Linga stått på den medisinske testen..?

   -
   
 Ja, det har han. Den gjorde vi unna før papira vart signerte. Men på grunn av at våre folk som vanlegvis står for testen var på påskeferie, fekk vi dyrlege Birkeland til å stå for den faglege delen.

   -
   
 Vart dette eit dyrt kjøp for AaFK?

   -
   
 Det vil eg ikkje seie. Akkurat no låg han i «tilbodskassa» til FK Sykkylven. Den personlege kontrakta hans er prestasjonsretta. Han vil tene godt om han lukkast.

   -
   
 Og når skjer debuten?

   -
   
 Det er venta at han går rett inn på laget til kampen mot Tromsø den 2.april. Garantisten for 10-15 seriemål pr. sesong er funnen, og då finn Rekdal ingen grunn til å vente.

   -
   
 Har du sagt til Rekdal kva nivå Linga plar score sine årlege 10-15 seriemål?

   -
   
 Det Rekdal ikkje veit, har han heller ikkje vondt av. Men han har sett ein video av dårleg kvalitet frå 1990-talet der Linga scora to mål mot Åram, eitt på hovudet og eitt på eit susande frispark. Som sagt var kvaliteten dårleg, det var korte glimt, og Rekdal trudde meg når eg sa det var frå ein kamp mot CSKA Moskva i Russland.

   -
   
 Er du ikkje redd Rekdal får greie på dette?

   -
   
 Les Rekdal VIL-nett…?