Mange lokale heltar til kraftprøva i Geiranger

Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Mar 2012

Datoen i år er 16.juni. Då skal folk ta seg frå Geirangerfjorden til toppen av Dalsnibba på ulike måtar. Ein kan sykle (Nibberittet), ein kan springe (Nibbeløpet) eller ein kan gå (Nibbemarsjen). Marsjen vert arrangert for 20. gong dette året.

   

Siste dagen i mars hadde over 420 personar meldt seg på. Flest syklistar. Men det er venta mange fleire. Sykkylven Sykkelklubb hadde svært mange påmelde, mellom dei Per Steinar Linga og Eldar Kurseth. Sistnemnde gjorde nyleg eit godt birkebeinerrenn der han representerte Velledalen IL.

   

På løpssida stod vår eigen Olaf Øien mellom dei påmelde i klasse 65-69 år. Ein trufast slitar i dette løpet. Også «Pe-Tomasz» frå Polen stod på lista. Og vi veit at fjorårets løparkomet, Kjell Magnar Berli, vil utfordre fjorårstida. Den var på knallsterke éin time, 53 minutt og nokre små sekund.

   

Vi nemner til slutt at idrettslaurdagen i Geiranger har kortare alternativ, både når det gjeld løp (4,2 km), sykkel (5,9 km) og marsj.