Trening til Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Mar 2012
13 møtte til denne tredje treninga, åtte gutar og fem jenter. Dermed eit snitt på 14 pr trening, noko som er svært bra, då det alltid kolliderer med ein eller anna annan aktivitet
Hilde var tilbake som trenar, og køyrde ei allsidig trening, som vart avslutta med testløp i miniterrengløypa. Meininga er at det skal haldast ny test etter påske.
Ikkje unaturleg var den eldste, William, den raskaste gjennom løypa med 55 sekund som sluttid. Nærast av gutane var Nikolai (1.01), Oskar og Mads Emil (begge 1.03).
Av jentene sprang Oda Natalie og Johanne begge på 1.02. Forholda var gode, men litt småsleipt etter mykje regn siste tida.
Den heldige vinnaren av t-skjorte var denne gongen Julie. Det vert ny trening veka etter påske. Hald deg orientert på nettsida om stad og tid.