Mildvêret stoppa Det Store Folkerennet
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Mar 2012
Mars månad har vore uvanleg mild og nedbørsrik. Det er lenge sidan det vart uråd å ta seg rundt Nysætervatnet, og no har langrennsgruppa fått melding frå trakkemaskinkøyrarane om at Også traséen rundt Sætrevatnet er uaktuell. Dermed er det stort sett skogsvegane som er brukbare.
-Det er meldt kaldare og snø, men vi måtte ha meldt inn annonse til Sykkylvsbladet før 1200 i dag, og det tok vi ikkje sjansen på. Meldingane resten av veka er heller ikkje gode, og meininga var at Det Store Folkerennet skulle vere eit «solskinnsrenn», seier Svein Arne Nakken, leiar i VIL langrenn.
Om det let seg gjere seinare i påska er usikkert, men VIL-nett veit at 6.april (langfredag) er sett opp som reservedato. Det Store Folkerennet har vore særleg populært mellom
hyttefolk. På det meste har det samla godt over 200 deltakarar.