Den store far/son-duellen
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Mar 2012
Arkivfoto frå Fjellsæterrunden 2012
I 2011 var Berth relativt sikker I ein uttale til pressa like før rennet.
«Jau, sonen Tim-Sture skulle han nok setje på plass». Og der var det ikkje mykje tvil heller, han hadde då nyleg slege sonen «ned i skoa» under Holmenkollen Skimaraton.
Nye ski.
Men Tim-Sture overraska denne marsdagen i 2011. Han gjorde det ingen hadde venta, han slo faren i Birkebeinerrennet 2011. Berth tok sitt merke nummer 30, mest på Sunnmøre, men akkurat denne dagen var ikkje det fullgod trøyst. Nye ski vart handla inn «sporenstreks». Dette skulle det bli slutt på.
Fire sekund.
I år var Berth meir varsam. Nok ein gong slo han Tim-Sture i Holmenkollen, men far/son-duellen i Birkebeinerrennet var ikkje tema. Han hadde lært å passe munnen sin.
Renndagen kom, og tradisjonen tru starta den «gylne årgang» (Berth med fleire) klokka 0700 under det ein kan kalle «strøkne» forhold. Med startnummer 1258 på ei lett bankande brystkasse passerte «Koivisto» (Berth sitt kallenamn) fyrste meldepunkt på tida
43.49.
Kring 90 minutt seinare, frå pulje 5, kom startnummer 4252 (Tim-Sture) dampande, og vart klokka inn på Skramstad på 43.45. Fire sekund før faren!!
Berth viser «power».
Til neste meldestasjon ved Kvarstaddammen er det godt over timen i tidsbruk for løparar som ligg på Wilhelmsen-gutane sitt nivå. Fyrst ein lang trøkk med stigning, seinare unnakøyringar og lettare terreng. Ved denne passeringa har ein vanlegvis ein solid peikepinn på korleis «ferda» vil ende. 1.55.18 viste klokka då Koivisto hasta forbi punktet. No var Tim-Sture på etterskot. Passeringa vart 1.56.29. Faren hadde kopla eit smerteleg grep med eitt minutt og elleve sekund.
Ny kveik.
Alle som såg passeringstidene ved Kvarstaddammen rekna duellen som avgjort. Det er bratt opp Midtfjellet og seigt utover flatene mot Sjusjøen, Og Koivisto plar ikkje fire på opningsfarta. Difor kom tidene frå Sjusjøen som ei lita bombe i miljøet. 2.47.43 på Berth, 2.48.16 på Tim-Sture. Førespranget var meir enn halvert. No hadde han 33 sekund til gode på sonen som av ukjende grunnar hadde fått ein ny kveik. Hadde vi spurt Berth om årsaka hadde han sikkert sagt: «Han må ha hatt heng på eit kvinnfolk, eg kan ikkje skjønne anna!»
Dødt løp.
Siste strekket frå Sjusjøen til mål er glien viktig. Den må ha vore relativt lik hjå dei to duellantane. I alle fall skilde det eitt einsleg, fattig sekund på siste strekket – i Berth sin favør. Truleg fordi vi i fjernsynssendiga såg han låg i dragsuget til rennvinnar Anders Aukland ei lita ri mot slutten. Tida til Berth vart 3.24 58, mot 3.25.32 for Tim-Sture. 34 sekund på 54 kilometer, eller 0,5 sekund pr kilometer. Begge greidde merkekravet i sine klasser. Berth med så god margin at han både kunne ete - og kvilt - middag undervegs. Slik tok Koivisto merke nummer 31 på 32 startar. Berre éin mann i Møre og Romsdal er betre. Terje Monsen i Molde har 31 merke på 31 startar.
Om Berth var nøgd med årets renn veit vi lite om, men nye ski, kjøpte han i alle fall ikkje.
Atle Hole