Regn og snøsmelting trugar Det Store Folkerennet
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Mar 2012
Mildvêret siste tida gjer at Det Store Folkerennet heng i ein relativt tynn tråd. Under møtet i langrenngruppa i går vart det slege fast at traséen rundt Nysætervatnet er berre å gløyme. Dermed må ein setje sin lit til at det let seg gjere å få til ei løype på sørsida av vatnet.
Velledalen IL sin klubbmeteorolog, Per Gunnar Holmberg, spår mildt vêr heilt fram til påska. I påskeveka skal det bli snø og kaldare, meiner gartnaren og den tidlegare sauebonden.
VIL-nett vil kome tilbake med oppdateringar i saka