Kjempar om hettegenser
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Mar 2012
Mange er sugne på ein splitter ny hettegenser, trekninga skjer ved midnatt.
Alle som har meldt seg på i årets Konradløp innan midnatt er med i trekninga. Vi har hittil fått deltakarar frå Stranda, Sykkylven, Ålesund, Oslo, Polen, Russland og Kirgisistan. Klokka 1500 i dag stod 39 namn på lista, særs bra så tidleg.
Vi ynskjer Aigul Saktanbekova frå Kirgisistan spesielt velkomen som deltakar, då ho er den fyrste frå denne nasjonen. Russland og Polen er meir vanleg.
Trekninga skjer ved hjelp av bingokinne, der kvar påmelde deltakar får sitt tal. Nummeret på den kula som kjem fyrst ut blir vinnarnummeret.
Vår venn frå Kirgisistan har eksempelvis nummer 32. Ein kan enno nå trekninga, ved å melde seg på til Konradløpet 2012 (sjå hovudsida til VIL-nett).