Kjell Magnar går også «Birken»

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Mar 2012

Kjell Magnar Berli representerer ikkje VIL i dette rennet, men sportsforretninga Fokus Sport. Det var nemleg gjennom dei Kjell Magnar fekk plass. Han skal reise til Rena saman med Emblem IL og deira bussopplegg. Jan Egil Årnes er med i same reisefylgje.

   

Diverre for Kjell Magnar må han starte i siste pulje (start klokka 10.15- om lag samstundes med at dei fyrste går i mål), då han ikkje har gått rennet tidlegare, eller har gjennomført såkalla «seedingsrenn» frå andre langløp. Det betyr at han vil få elendige forhold. Særleg om det vert plussgrader og mildt. Men Kjell Magnar får ta det som ein tur dette året, gå seg litt fram i feltet, slik at utgangsposisjonen vert betre neste vinter.

   

Vi minner om Birkebeinerlaurdag på VIL nett 17.mars, og at desse karane er påmelde frå Velledalen IL:


Svein Arne Nakken


Ole Johnny Myrseth


Eldar Kurseth

   

Dei to «kamphanane» frå rennet i 2011, Bastian Skogvold og Fredrik Nilsen, er ikkje å finne i arrangøren sine lister