Hole Maskiner AS støttar Konradløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Mar 2012

Under hovudløpet 1.mai vert det brukt eingongsnummer. Nummer med godt synleg reklame for den verksemda som har betalt startnummera. Under jubileumsløpet 1.mai vert det Hole Maskiner AS, og det er ikkje fyrste gongen heller. Faktisk er det nettopp denne verksemda som flest gonger har sponsa løpet på denne måten.

  Sikkert ein bra «deal» for begge partar, ettersom grunnleggjarane av «forløparen»
   - O&P Hole – begge var sentrale i idrettsrørsla i Velledalen.
   Ja, det er vel rett å seie at dei er mellom dei beste utøvarane VIL nokon gong har hatt.

   

Og startnummera vert tinga av ein utflytt velledaling, då VIL i stor grad nyttar Morten Holmberg sitt firma til det som har med profilering/premiar å gjere.