PREMIERING I MINIKONRAD

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Mar 2012

Minikonrad er 1050 meter langt, og er ope for deltakarar 0-15 år. Deltakarrekorden er på 96. Friidrettsgruppa har som mål at 100-grensa skal sprengjast dette året.


Under årets løp vert det gjort nokre små endringar i premieringa. Den vert slik:


1. Alle deltakarar får deltakarpremie som før


2. Skulepremien for størst prosentvise deltaking vert teken bort.


3. Det vert skulepremie til beste trio i trinnet 5.-7. klasse etter tid. Begge kjønn må vere representert (to gutar og ei jente, eller to jenter og ein gut)


4. Premie til beste jente og beste gut frå Ungdomsskulen.


NB1 !!: Minikonrad har påmelding løpsdagen, men det er opna for påmelding til Hovudløpet 1.mai klokka 0500.


NB 2!!: Hilde Riksheim Tandstad held Konradløptrening for 3.-7.-klasse kvar onsdag framover. Glimrande trening også for fotballspelarar og foreldre som gjerne må delta. Møt ved Jokerbutikken klokka 1800. Treninga varer éin klokketime


Velledalen IL


Friidrett.