Idrettsskuleleiaren vår skada
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mar 2012
-
Eg høyrde eit smell og trudde det var noko som datt ned frå taket. Men så la eg merke til at alle andre som var til stades kika på meg, og det gjekk ikkje mange sekunda før eg skjøna at legekontoret måtte bli neste stopp.
Slik forklara idrettskuleleiar, Julie Brochmann, hendinga som kosta henne akillessena under badmintontrening i Velledalen grendahus for ei tid sidan.
-
Alt på veg ut til legen forstod eg at noko var spinngale. Bilkøyringa var ikkje enkel med ein høgrefot som ikkje lystra korkje når eg skulle gasse eller bremse. Fekk litt kjeft av legen for bilkøyringa mi, forresten.
-
Seinare vart det sjukehus og operasjon. No er det berre å smørje seg med tolmod til den gror seg til att, men det vert neppe meir badminton på meg i vårsesongen.