Hallelujadag i Vasaloppet

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mar 2012

Så fekk han spysykja, og med eit vart alt langt meir usikkert. Korleis ville kroppen fungere – 90 kilometer er trass alt ikkje ein vanleg liten sundagstur..?

   

Men Svein strigla seg opp. Han reiste på fredag, og grytidleg sundag 4.mars stod han på startsletta i Sälen. Det fekk bere eller breste. På fyrste meldepunkt (Smågan) passerte han som nummer 962. Vidare fram mot Mångsbodarna hadde han gått frå 49 løparar og passerte som nummer 913. På tredje meldeposten (Risberg) vart han registrert som nummer 845 og no var Gyls-Svein verkeleg i siget. Nye 60 løparar vart passert før han nådde Evertsberg som nummer 785. Her var det berre å stå på.
   61 løparar måtte gi løype før Oxberg, der Svein passerte som nummer 724. Han var no komen så langt fram i feltet at vidare avansement sat lenger inne, og slett ikkje var sjølvsagt. Men enno 26 veik plass til 698. plass ved Hökberg. Fram mot Eldris fekk Svein ein ørliten «down». For fyrste gong i rennet tapte han plasseringsmessig terreng – 702. plass viste passeringstidene i Eldris, fire plassar tilbake. Inn mot mål tok han ut det siste og avanserte ti plassar. Dermed står det spikra for all framtid at Svein Arne Nakken, Velledalen IL, kryssa mållina i Vasaloppet 2012 i Mora på tida 4.38.40, på plass nummer 692. Tida er ny klubbrekord for Velledalen IL i Vasaloppet. Den gamle hadde han sjølv, pålydande 5.02.06 – vi snakkar om ei smadring.

   

Føret var prima dette året, og ei medverkande årsak i at dei fire karane frå Stranda/Sykkylven alle persa med klar margin. Her er dei harde fakta på den fronten.


Knut Anders Hatlen gjekk sitt fjerde Vasalopp og senka persen frå 4.15.36 til 3.51.40


Svein Arne Nakken gjekk sitt femte Vasalopp og senka persen frå 5.02.06 til 4.38.40


Fridtjof Fredriksen gjekk sitt sjuande Vasalopp og senka persen frå 5.20.28 til 4.47.50


Geir Verpeide gjekk sitt tredje Vasalopp og senka persen frå 5.28.37 til 4.48.01

   

VIL-nett gratulerer alle fire med innsatsen!

   

Neste store styrkeprøve vert Birkebeinerrennet laurdag 17. mars.


Siste nytt derifrå får du óg på VIL-nett.