Om stille lengde i sportsrevyen

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mar 2012

Seier namnet Arne Tvervaag deg noko?


Truleg vil den yngre generasjonen riste på hovudet. Også personar i 30-og 40-åra. Men spør vi dei som har bikka 50, trur vi sjansen er fair for eit positivt svar.

   

Arne Tvervaag budde i Velledalen til slutten av tenåra. Han var aktiv i fotball og friidrett. Ja, han var brennande interessert i friidrett. Som 16-åring vart han KM-vinnar i stille lengde for Velledalen IL med resultatet 2.77.

   

Men han skulle kom til å drive det mykje lenger etter han flytta frå bygda. Han gav seg ikkje før han hadde hoppa nesten meteren lenger enn han gjorde som 16-åring. 3.71 vart ståande som hans beste resultat i stille lengde.

   

I fylgje reportasjen i Sportsrevyen er Tvervaag sitt resultat enno rekord. I ei øving Noreg er nokså åleine om å arrangere nasjonale meisterskap i.
   Årets NM-vinnar måtte nøye seg med eit resultat på 3.20-talet – mest for eit oppvarmingshopp og rekne i Tvervaag sine glansdagar.

   

Arne Tvervaag er ein mann VIL absolutt kunne tenkt seg vitjing av. Kan nokon hjelpe oss med det, ver venleg ta kontakt.

   

Atle Hole
   Asgeir Rausand