Idrettsmannen Eivind – klassevinnar i Alperittet

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Feb 2012

Arkivfoto frå ein tidlegare Eivind-triumf i Alperittet

Berre vesentleg yngre Torstein Lianes, tidlegare svært dyktig alpinist på godt nivå, straffa Eivind Fet. Lianes fekk tida 7.19, medan vinnartida til Eivind i 40+ var sterke 7.25. Eivind har for vane å gjere det godt i dette rennet, som for nokre år sidan sette ein førebels stopp for broren, Geir Arne, sin idrettskarriere.

   

Her er resultat for løparane som representerte Velledalen IL:

   

J 12, kort løype:


4 Emma Olin Holmberg 7.31

   

Damer 16-29 år Alpint:


5. Christina Linnea Holmberg 10.10

   

Herrar 40+ Alpint:

   1.
   
 Eivind Fet 7.25 (dagens nest beste tid)

   

Herrar 50+ Alpint:


3. Knut Kavatn 10.54


5. Svein Ole Sørensen 13.42

   

Vi gratulerer Eivind Fet med flott triumf. Han vann klasse 40+ i 2012 som han gjorde det i 2011. Christina Holmberg gjekk éin plass attende – fjerdeplass i 2011 vart til femteplass i 2012. Ekstra Honnør til Knut Kalvatn som gjekk frå 20.plass i 40+ i fjor til siste pallplass i 2012. Og ikkje minst ei rose i knappholet til debtant Svein Ole Sørensen som trass knall og fall kryssa mållina på ein høgst respektabel 5.plass