Stor skihelg
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Feb 2012
Arkiv bilete frå Alperittet 2010 Eivind Fet
Velledalen IL vil vere representert i begge renna. Hittil veit vi at Svein Ole Sørensen stiller i alpinklassa for herrar og Christina Holmberg i same klasse for kvinner. Christina har gjort det bra i Alperittet før og kan gjere det igjen. Truleg stiller fleire frå Velledalen IL, men førebels er det desse vi kjenner til.
Sjølv om det enno er tidleg, sig påmeldingane inn til konkurranseklassene i Fjellsæterrunden. Utgåve nummer 35 av rennet har start klokka 1230. Dette gjeld for dei vaksne som går på tid. Éin runde for bedriftsløparar og to rundar for dei andre vaksne i konkurranseklassene. Vêret framover er nokså usikkert, så ingen kan i skrivande stund garantere at løypa vil gå rundt Nysætervatnet.
Barnas Fjellsæterrunde – tre kilometer rundt Sætrevatnet – har start 1235. Trimmarane kan starte langt tidlegare, i tidsrommet 1030-1200, men dei må hugse å registrere seg før start.
Det er venta at VIL vert representert med løparar på alle nivå under årets Fjellsæterrunde
Kor mange som startar i konkurranseklassene vil vi kome tilbake til
NB! Barnas Fjellsæterrunde har påmelding renndagen, men ver ute i god tid slik at alle rekk starten.