Stian Mork klassevinnar.
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Feb 2012
arkivfoto
Deltakinga var om lag slik den plar vere i lokale turrenn. Åtte damer og 40 menn, gav samla 48 deltakarar. Nokså nær det snittet Fjellsæterrunden har hatt i konkurranseklassa siste åra.
Stian kom i mål på den fine tida 1.33.19, som var best i klasse 31-35 år. Rennvinnar vart Tryg-Arne Løkkeborg frå Emblem IL med 1.26 11. Totalt vart Stian nummer ni, ein flott prestasjon. Det er tydeleg at forma etter Marcialonga er god.