Nok ein komité på plass
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Feb 2012
Denne komitéen skal ha tre personar frå VRF og like mange frå Velledalen IL. Under årsmøtet vart Linn Tove Akselvoll Lade og Atle Hole valde inn i for VIL, men person nummer tre mangla. Etter at laget gjekk ut på nettsida og etterlyste folk, har det gledelege hendt at personar har kome og meldt seg, heilt av seg sjølv.
No er komitéen fullteikna, med Anita Mosby Nakken, som Velledalen IL sin tredje representant. Ho må rett nok veljast på det framhaldande årsmøtet 1.mars, men vi kan vanskeleg sjå føre oss at det vert mønstra nokon motkandidat.
VRF skal ha årsmøte om få dagar. Då vil venteleg deira trio bli klar. Rykta seier at Aina Holmberg er ein heit kandidat.