Lovande ungdomshoppar 60 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Feb 2012
I dag fyller Helge Drabløs 60 år. Det ungane i dalen ikkje veit, er at på 1960-talet var det eit bra hoppmiljø i Velledalen. Inspirerte av to storrenn i Brunstadbakken i 1962 og 1965, der fleire landskjende karar deltok, fall det naturleg for mange å ha eit godt auge til hoppsporten. Helge Drabløs var del av dette miljøet, saman med mange både yngre og eldre gutar i dalen. Diverre for hoppsporten kom nedgangstidene raskt. Skitrekket i Ladalen gjorde at det vart meir populært med slalåmski, og det var ikkje unaturleg at det vart hoppsporten som måte lide for endringa i ungdomsvanane ved inngangen til 1970-talet.
Ikkje veit vi om eit come back kan virke forlokkande, men jubilanten er i alle høve vesentleg yngre enn vår einaste aktive hoppar i dag, Jan Ringseth.
Uansett, vi gratulerer vår tidlegare gutehoppar, Helge Drabløs, med 60 års dagen måndag 13. februar!