«Karlson på taket» i Ekornes-Cup

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Feb 2012

Laget deltok i eldste klasse. Der fekk dei sine to tilmålte kampar, kvar på 13 minutt. Opningskampen mot «HIL-glimta» (frå Hundeidvik) enda 1-1. Det var Lars Urke Hjorthol som fann nettmaskane for velledalingane.

  Siste kampen gjekk mot «Ullavik Bulldogs». Her var velledalslaget sjanselause og tapte 0-4. Men det skal seiast at vinnarane hadde mest gutar på laget, i motsetning til eit jentesterkt «Karlson på taket». Kvar spelar fekk seg fotball og t-skjorte, og hadde elles ein gild «aften», vert det meldt frå lagleiar Ellen Marie Hole.