Skirenn

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Feb 2012

Eg ser at du annonserer Skardilten på velledalen.net/idrettslaget. Då kan eg melde at flg. lokale ''heltar'' er påmelde: Ole Johnny Myrseth og Svein Arne Nakken frå Velledalen IL, Fridtjof Fredriksen frå Sykkylven IL og trioen Knut Anders Hatlen, Geir Verpeide og Ole Johan Lillestøl frå Stranda IL. (Dei tre fyrstnemnde køyrer saman i ein bil. Geir og Ole Johan køyrer saman i ein annan bil, medan Knut Anders kjem med toget til Åndalsnes frå Nidaros i morgon kveld. Der vert det overnatting hos bestefar Kasper Hatlen til laurdag morgon).
  
  I tillegg er veteranen Berth David Wilhelmsen avgarde til Oslo for å måle krefter med austlendingane i Holmenkollen Skimaraton (56 km). Også dette rennet er på laurdag.
  
  Til orientering.
  
  Svein N.