Skardilten på laurdag
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Feb 2012
Løparar med dårleg startposisjon i Birken kan gjere lurt i å gå Skardilten – eit 40 kilometer klassisk renn med start og innkomst på Skaret i Molde. Rennet er det største turrennet i Møre og Romsdal, mellom anna fordi det er seedingsrenn til Birkebeinerrennet. Ein god innsats i Molde laurdag kan betre startposisjonen under Birken monaleg.
Rennet har start klokka 1200, og vert arrangert av Molde og Omegn Idrettsforening og Skaret Skiforening.
VIL-nett vil kome med resultat så snart dei ligg føre, og vi ynskjer lokale heltar lukke til.