Fekk ikkje leiar - ekstraordinært årsmøte
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Feb 2012
Dermed må laget ha ekstraordinært årsmøte, truleg i fyrste halvdel av mars. Geir Helge Grebstad og Elisabeth Urke gjekk begge ut av
styret, der Ove Skylstad og Irene Johansen ikkje var på val. Marit Hole og Asgeir Rausand tok attval, medan Sandra Hubo kom inn som nytt medlem. Men mest problem for valkomitéen skapte det at dei ikkje hadde funne ny kandidat til leiarververt etter Atle Hole, som hadde sagt frå seg attval. Dermed vart det inga anna råd enn å bu seg til nytt årsmøte ved eit seinare høve.
Desse vart valde i hovudstyret for komande år:
Ove Skylstad
Irene Johansen
Asgeir Rausand
Marit Hole
Sandra Hubo
1.vara: Linn Tove Akselvoll Lade
Viktige verv som manglar:
Leiar i hovudstyret
Styremedlem i hovudstyret
Medlem i førjulsmessekomitéen
Vil nokon ha verv, eller har tips på kandidatar, ta då kontakt med Inger Riksheim eller Linn Tove Akselvoll Lade i valkomitéen