Folkehelseprosjekt i kjømda

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Feb 2012

Pengane skal ikkje betalast ut før det maskinelle arbeidet er i gang og finansieringa dokumentert.

  Frå lysløypekomitéen, ved Steinar Myrseth; har det alt kome takkeskriv pr. e-post. Han skriv mellom anna:

  -Eg føler meg trygg på at vi kjem til å starte maskinarbeidet på løypa til våren, så alt ligg til rette for at dette skal bli gjennomført. Eg likar å kalle prosjektet eit «folkehelseprosjekt», der lysløypa er ein del av det. Sjølvsagt vil det ta fleire år før alle planar er gjennomført, noko som er både fornuftig og rett, ein må ta hensyn til den generelle utviklinga i området og elles rundt oss. Eg føler meg viss på at heile Fjellseterregionen blir meir og meir attraktiv, så å sikre interessene for ski-nordisk var på høg tid.

   

Vi kan med glede slå fast at året 2011 vart året då arbeidet med å sikre grunn til ei løysløype i Ladalen endeleg lukkast. Ei tidkrevjande og utmattande affære for alle partar, og som var inne i sitt fjerde tiår, då det vart sluttført.

   

Økonomisk går idrettslaget så det susar. Overskotet i 2010 var på i overkant av 49 000 kroner. Under 2011-årsmøtet kunne kasserar Asgeir legg fram reknskapstal som viste eit overskotet på drygt 23 000.