Jan nummer to i Stordalsrennet

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Feb 2012

Rennet talde óg som KM. Men for seniorane vert det berre kåra éin KM-vinnar, sjølvsagt av yngre årgang enn Jan. Han starta i klasse 65-74 år, og gjorde to jamne hopp på 37 og 37,5 meter. Begge hoppa gav ein snittkarakter på om lag 14 frå dommartrioen. Dermed fekk Jan 131,6 poeng, noko som heldt til andreplass. Klassevinnar vart Sigmund Stenberg, MOI, med 158,2 poeng etter hopp på kring 40 meter.

 Øyvind Straumsheim, med besteforeldre i Straumgjerde, vart KM-vinnar i klasse G 14 år. Øyvind hoppa 47 og 50,5 meter i sine to hopp