Supertrioen held fram

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Feb 2012

Denne komitéen samlar inn premiar fyrst og fremst til Konradløpa. Men dei har vore så dyktige at vi ikkje har makta bruke opp alt der. Dermed har andre arrangement blitt tilgode-sett.

   

Det seier seg sjølv at slike folk er viktige å ha i alle lag. Takka vere deira innsats veks overskotet på kvart arrangement. I løpet av eit år vert det fort snakk om femsifra beløp, då de fort blir pengar av det om alle premiar skal kjøpast. Heldigvis for VIL tok heile trioen attval.

   

Har nokon premiar dei vil gi til Velledalen IL er dette namna som skal kontaktast:


Odd-Kåre Fet


Marit Hole


Linn Tove Akselvoll Lade