Ingolf Mork til minne
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Feb 2012
I mars 1965 vart det arrangert eliterenn i hopp i Velledalen. Sjølvsagt i Brunstadbakken. Ein av deltakarane der var ein ung gut frå Hjelset i Romsdal. Han var 17 år og starta i klasse yngre junior. Klubben hans den gongen heitte Fram 1907, som seinare vart til Hjelset-Fram. Ein klubb som litt seinare vart dominerande i norsk hoppsport, fyrst og fremst takka vere trioen Jan Olav Roaldset, Hans Jørgen Næss og Ingolf Mork. Mork var yngst av dei tre.
Etter rennet i Brunstadbakken skreiv Sunnmørsposten:
-Imponerande var også den trauste troppa frå Fram 1907. Det er fleire enn Jan Olav Roaldset som kan hoppe på ski i den klubben. Ein vi skal kunne vente meir frå er Ingolf Mork, som i Brunstadbakken fekk rennets fjerde beste poengsum – betre enn Arne Larsen. Roaldset og Mork vil utan tvil høyre til landets elitetropp med viljesterk og effektiv trening både sommar og vinter.
Og det skulle vise seg at avisa fekk rett. Ingolf Mork vart god. Han vart best av dei tre. Karrierebeste gjorde han i 1972 då han vann den tysk-austerriske hoppveka. Same året vart han nummer 4 i OL i Sapporo i stor bakke.
I samband med ein av kakeetarfestivalane i Velledalen vart trioen frå Fram 1907 inviterte til Velledalen. Hans Jørgen Næss kom (fekk seg ny stol), dei to andre melde avbod. I det høve sende Ingolf Mork ein e-post til idrettslaget. Der skreiv han at han hugsa godt rennet i Velledalen, der han fekk ein stol i premie. Den stolen var lys levande 40 år etter skirennet. Den stod i eit «forværelse» til sauefjøsen til Mork, og var enno tidvis i bruk.
Her er resultata frå hopprennet i klasse yngre junior i Brunstadbakken i 1965:
1.
Ingolf Mork, Fram 1907, 216,5 poeng
2.
Atle Langlo, Volda, 172 poeng
3.
Arnulf Lande, Ørskog, 168 poeng
4.
Arnold Lyshol, Sykkylven, 146 poeng
5.
Arnold Bolstad, Velledalen, 143,5 poeng
Ingolf Mork hoppa 59,5 meter i dette rennet, éin meter bak bakkerekorden til Hans Olav Sørensen (Hans Jørgen Næss hoppa 65,5 meter i prøveomgangen og braut foten).
Det fyrste eliterennet i Brunstadbakken fann stad i april 1962 (Arne Larsen vann). Altså har dette rennet 50 års jubileum i år. Kan hende hadde det vore ein idé og godsnakka med Sigbjørn Brunstad og fått rydda unnarennet til denne datoen. På den måten hadde ein fått synleggjort eit lokalt kulturminne. Det som er sikkert er at pr. dato er bakken attgrodd og ein av dei store i norsk hoppsport, Ingolf Mork, er død.
Vi lyser fred over Ingolf Mork sitt gode minne.
For Velledalen IL
Atle Hole