Årsmelding frå (hopp- og) langrennsgruppa
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Feb 2012
Langrennsgruppa er i år, som i fjor, godt nøgd med aktiviteten til seniorløparane som har representert Velledalen IL i sesongen 2010-2011. Vi har ein del seniorar som deltek aktivt, men mellom dei aldersbestemte er aktiviteten dessverre på eit alt for lavt aktivitetsnivå.
Langrennsgruppa har hatt fem gruppemøte i løpet av arbeidsåret. Tema på desse møta har vore konstituering av gruppa, samt planleggjing i forkant av arrangement og evaluering i etterkant. Velledalen IL har i 2011 vore med å arrangere Fjellsæterrunden saman med dei andre idrettslaga i kommunen. Åleine har vi arrangert Det Store Folkerennet og Bydameisterskap i langrenn. Dei to sistnemnde renna vart samanslegne og arrangert som eitt renn.
Ramstaddalsløpet:
Langrennsgruppa i nært samarbeid med leiar Atle Hole tok også på seg å gjenninnføre, planleggje og gjennomføre Ramstaddalsløpet. Dette løpet er ein medlemsstafett for medlemmer og sympatisørar i Velledalen IL. Løpet vart gjennomført laurdag 27. august med start frå Joker-Velledalen kl. 09.30. Løpet samla 47 løparar fordelt på 48 etappar. Traséen gjekk frå butikken, opp til bedehuset, fram til Pe-krysset, Fjellsæterskiftet, Fausaskiftet, Fasteindalen – Ramstaddalen til småbåthamna, over Klokkehaugen, over Sykkylvsbrua og inn til Straumgjerde sentrum. Vidare tilbake til Straumsheim , til Fet, gamlevegen Dravlaus – Velle og framatt til butikken.
Løpet vart gjennomført på 3.43.45 timar. Yngste deltakar var Sevrin Skotheim Horthol på to år. Oldefaren Harald Hjorthol på 100 år var eldste deltakar. Harald fekk stafettpinnen av Tomas Tandstad (99 år) og var med det innehavar av ankeretappen. Hans Olof Holmberg var fylgjebil og heldt kontroll på etappetidene saman med døtrene.
Litt meir om arrangementa som laget
har vore med å arrangere i løpet av året:
Den 34 utgåva av
Fjellsæterrunden
gjekk av stabelen sundag 27. februar med 41 deltakarar
i konkurranseklassene (mot 60 i 2010). 38 gjekk gjekk i turrennsklassa over 28 km, medan 3 stk. deltok i bedriftsklassa over 15 km.
I trimklassa (utan tidtaking) var der 26 stk. vaksne og 21 born som gjekk dagens løype på 10 km. I Barnas Fjellsæterrunde deltok 123 born. Dei går ein runde rundt Sætrevatnet, ein distanse på ca. 3 km. Raskaste løpar i barnerennet vart Sondre Overvoll Hole frå Stranda IL.
Velledalen IL hadde som vanleg ansvaret med løypene og å stille med habile løypevakter. I år som i fjor samla vi alle løypevaktene på torsdagen før løpet for at dei skulle få utveksle viktige erfaringar og legge planar i forkant av rennet.
Som vanleg var det Pål Rune Fet (løypesjef) og Svein Arne Nakken (ansvarleg for sporlegginga) som tok seg av løypene.
Frå vårt lag stilte tre løparar til start i turrennklassa:
Kenneth Fet, Ole Johnny Myrseth og
Svein Arne Nakken. Denne trioen fekk også premien for beste tremannslag med totaltida 4.30.41 føre Volda T&IL og Sykkylven IL.
I bedriftsklassa stilte Alf Petter Bøe til start, og han vann like godt denne klassa.
Fjellsæterrunden gjekk av stabelen under greie forhold, og rennvinnar vart som ofte før, Knut Anders Hatlen frå Stranda IL.
Rennet gjekk i år som i fjor i originaltraséen rundt nysætervastnet.
Langrennsgruppa vil med dette få takke maskinførarane ved Skisenteret for god hjelp med å preparere traséen, og elles for svært gode løyper i Fjellsæterområdet gjennom heile vinteren.
Det Store Folkerennet og Bygdameisterskapen i langrenn:
Den 5. utgåva av Det Store Folkerennet gjekk av stabelen sundag 3. april. Ettersom VIL i år hadde ansvaret for å arranger BM på ski, valde vi å slå dei to arrangementa saman og arrangere dei som eitt renn, men med kvar si premiering. Deltakarane kunne sjølve velje om dei ville delta i det eine eller det andre rennet eller begge. Deltakarane kunne også velje om dei ynskte tidtaking eller ikkje (i Folkerennet). I 2010-rennet vart løpet arrangert i påska med ny deltakarrekord på heile 247 løparar. Ettersom påska i 2011 var svært sein, tok vi ikkje sjansen på å vente, og valde å avvikle rennet den fyrste sundagen i april. 122 deltakarar stilte til start på ein renndag som vert hugsa for svært fint ver. Løpet hadde to løypetraséar, ein rundt Sætrevatnet og ein rundt Nysætervatnet. Begge løypene hadde mat-/drikkestasjon. Desse var plasserte ved ”Gamlestølen” og ved Orreneset . Alle borna vart premierte. I tillegg var der ulike premiar som vart uttrekte på startnummera. Robin Myrseth Heimstad vart rennet sin ”Heldiggris”, og stakk av med den gjevaste premien, ein sjekk pålydande kr 500,-
Anja Helen Aure gjorde som i 2010, ho vann
klassa for mest oppfinnsame kostyme.
Raskaste dameløpar rundt den vel 10 km lange løypa vart Evy-Ann Ekornes (SIL). Ho brukte 52.30 minutt på runden rundt Nysætervatnet. Raskaste herreløparar vart Fridtjof Fredriksen (SIL) og Svein Arne Nakken (VIL) på tida 39.00 minutt. Bak Fridtjof og Svein kom veteranen og evigunge Berth David Wilhelmsen (SIL) på tida 39.32 minutt. Oddvar Rønneberg (SIL) i klasse 75-80 år viste gode takter og kom i mål på 51.42 minutt. Totalt 15 løparar deltok i rennet med tidtaking. For born under 10 år (utan tidtaking) stilte 8 løparar til start. I BM deltok totalt 5 løparar frå VIL.
Ettersom vi i 2010-rennet fekk kritikk for at løparane hadde brøyta seg fram og pressa turgåarar ut av løypa, valde vi i år å framskunde rennet til før folkemengdene er ute i løypa. Dette fungerte greitt.
Nytt frå lysløypekomiteen for lysløype på Fjellsætra:
Lysløypa, som det har blitt arbeidd med i mange år, er no ferdig planlagd. Traséen er, for ein stor del, rydda for skog. Ho er vidare trakka med maskin slik at vi kan ''prøvegå'' traséen. Løypekonsulent Stein Wæhle frå Skiforbundet og Voss har lagt ned eit stort arbeid, og han har mellom laga til ein digital presentasjon av anlegget. Tippemiddel-søknadene er innleverte innan gitte fristar, og vi reknar med å starte opp med anleggsarbeidet når snøen er borte utpå vårparten ein gong. Heile løypa med stadion vert omlag 4 km. Sykkylven Skisenter med Tore Utgård i spissen skal stå som formelle utbyggjarar av anlegget. Dei har også gitt ein bankgaranti for nødvendige summar slik at vi kan kome i gong med sjølve anleggsarbeidet.
Utover våren og sommaren vil det bli behov for mykje dugnadsarbeid, og vi håper då at bygdefolket frå heile kommunen vil stille velvillig opp.
Dei aktive skiløparane i Velledalen IL, sesongen 2010-2011:
Kenneth Fet, Stian Mork, Ole Johnny Myrseth, Bastian Skogvold, Fredrik Nilsen, Svein Arne Nakken, Rolf Haxthow og Terje Aurdal, i tillegg Jan Ringseth (hopp). Desse løparane har representert laget i inn- og utland og profilert idrettslaget på ein god måte. (For resultat og anna info, gå inn på www.velledalen.net/idrettslaget
og leit under arkiv.
Takk til alle som har stilt opp for laget og gruppa anten som deltakar, funksjonær eller anna i sesongen 2010-2011
For Velledalen IL, langrennsgruppa
Svein Arne Nakken, gruppeleiar