Stian går Marcialonga

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Jan 2012

arkivfoto. Stian i Fjellsæterrunden 2009

Han vart langt frå åleine. Deltakartalet kjenner vi ikkje, men det har vore mykje skriveri om rennet fordi Petter Nortug jr. er mellom dei startande. Det same er Sunnmøre sin beste langrennsløpar for tida, Knut Anders Hatlen. Han bur i Trondheim, men representerer moderklubben Stranda IL, og har vist før at han er sterk i lange løp.

   

Rennet er 70 kilometer langt, går i klassisk stil i provinsen Trento i Italia. Starten er i Moena og har målgang i Cavalese i Val di Femme. Rennet har siste sundag i januar som fast renndag, og tel med i FIS Marathon Cup.

   

VIL-nett håper å kunne melde resultat frå rennet sundag kveld (evt. måndag).