Siste frist
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jan 2012
Hittil er det kome berre éi sak. Den kjem frå langrennsgruppa og gjeld den nye lysløypa i Ladalen. Som dei fleste veit er grunnspørsmålet no i orden. Traséen er rydda for skog, og til våren startar det maskinelle arbeidet. Då byrjar pengane rulle. Planen er at løypa skal stå ferdig til snøen kjem hausten 2012. På årsmøtet vert Velledalen IL sin medverknad i prosjektet i reine kroner bestemt.
Saker ein vil ha handsama kan sendast/meldast til sekretær Ove Skylstad eller leiar Atle Hole.