Idrettsgalla: «Årets tvekamp»
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jan 2012
Begge desse karane satsa hardt på trimposten Myrdalsfjellet i sesongen 2011. Frank opna sterkt med fleire turar på ski. Han hadde dermed eit solid føresprang når «vårsol i bakkane blenkte», og Elling kom i gang for alvor. Ein lang periode var dei om lag like flittige, med Frank eit hestehovud føre.
Heilt til Elling byrja auke dosene. To turar pr. dag var ikkje uvanleg. Men Frank svara med same mynt. Då såg Elling at gode råd var dyre. Beste dagen peiste han på med fire turar, og heldt vidare fram med sterk dosering.
-Nei, sa Frank ein dag vi traff han.
-Dette har eg ikkje tid til.
Men det hadde Elling som nyslegen pensjonist.
Og dermed tok han Myrdalsfjellet med 132 turar. Frank stoppa på 81, etter å ha resignert siste del av sesongen. Men Frank og Elling stod med dette for dei to desidert høgaste noteringane som er gjort på posten Myrdalsfjellet nokon gong.
Under Idrettsgallaen vart dei heidra for «Årets tvekamp». For Elling vart det ein stor kveld. Han fekk i tillegg pris for flest turar til posten på Myrdalsfjellet og posten ved sætreelva i Holemarka.
VIL-nett gratulerer!