Idrettsgalla: «Årets veteran»

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Jan 2012

Under Idrettsgallaen i grendahuskjellaren sist sundag vart éin av desse heidra. Ein av dei eldste, ein som konkurrerer i klasse 65-69 år. Namnet er Olaf Øien, busett i Helledalen, og med mange sterke prestasjonar i idrettsåret 2011. Vi nemner:


1.plass i kraftprøva Geiranger Halvmaraton (Frå fjord til fjell).


2. plass i 65-69 år i Saudehornet Opp i Ørsta.


8.plass i Birkebeinerløpet
   med tida 2.02.19



Og ikkje minst; sterke prestasjonar i lokale løp som Konradløpet , Bruna Opp
   og Opp på Sætra



Det er kjekt at utøvarar held fram med konkurranseidrett også etter normal pensjonsalder. Vi gratulerer spreke Olaf med fortent pris!