Elisabeth forsvarte tittelen
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jan 2012
Elisabeth Urke i VIL-styret har gjort ein formidabel Ullmax-innsats for Velledalen IL siste åra. Dette sikra henne tittelen «Årets seljar» i 2010, og altså nok ein gong i 2011. Særleg under Førjulsmessa gjorde urketausa ein kjempeinnsats. Her var ho stort sett åleine på VIL sin stand i to dagar – frå start til slutt. Og etter som produktspekteret stadig vert utvida, vert ikkje jobben som Ullmax-boss enklare med åra.
Vi gratulerer Elisabeth med vel utført arbeid og fortent tittel !