Berli og Berg vinnarar
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jan 2012
Det kom inn i alt 44 stemmer. Sjølvsagt altfor lite, men likevel meir enn nok til å kåre ein verdig vinnar. Kjell Magnar Berli fekk fleire stemmer åleine enn dei seks andre kandidatane tilsaman. Kampen bak Kjell Magnar var beinhard. Det skilde berre éi stemme mellom nummer to, tre og fire. Vi kunngjer ikkje heile rekkjefylgja, men nemner at Kenneth Fet kneip andreplassen.
Under idrettsgallaen vart dei to premievinnarane trekte ut. Premiane gjekk til:
Henriette Berli, Sykkylven
Åse Berg, Aukra.