Idrettsgalla: «Årets jubilant»
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jan 2012
I dette tilfelle må vi seie jubilantar, då det vart gjort stas på to personar.
Og det var to veteranar som vart heidra, nemleg Paul Hole og Jon C. Brunstad. Heidra fordi det i desse dagar er 60 år sidan dei vart KM-vinnarar for Velledalen IL i skistafett, 4x10 kilometer, med Hovdebygda IL som arrangør. Dei to andre på laget var Ole L. Hole og Olav P. Hole (Les meir om denne stafetten under idrettsminne med tittelen «stafettarven»).
Elles kan seiast om dei to prisvinnarane at begge var med på byggjinga av Velledalen grusbane i åra etter krigen, ei bane som vart opna i pinsa 1950. Eit arbeid som i grove trekk føregjekk med handemakt. Dette kan du lese meir om i Jon C. Brunstad sitt idrettsminne som ligg ute på nettsida. Jon C. har óg fleire år bak seg som leiar i Velledalen IL.
Om Paul må seiast at han var Velledalen IL sin fyrste KM-vinnar nokon sinne, då han i 1949 vann 1500 meter i juniorklassa. Han har elles gått trimklassa i Fjellsæterrunden over 30 gonger, og nærmar seg 50 godkjende idrettsmerkeprøver. Han er framleis med på aktivitetar i idrettslaget sin regi.
Til saman har dei to prisvinnarane passert 170 år.
VIL-nett vil med dette gratulere Jon og Paul med fortent pris!