Velledalsjenter med nattsuksess på Stranda

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jan 2012

Ja, berre spør trioen Maria Fet, Christina Holmberg og Ellen Marie Hole. I dag spela dei tre damefinale i Nattcupen i fotball på Stranda, i ei turnering som gjekk «non-stop» i over 20 timar.


Maria spela på Puma Queens, vinnarlaget frå 2010, som i finalen møtte Podémos, laget til dei to andre velledalsjentene. Og denne gongen var det ungjentene som fortent drog det lengste strået, etter to mål av Stine Fivelstad.


Turneringa som gjekk føre seg i Strandahallen, samla 8 kvinnelag og 24 herrelag. Både Maria og Ellen kom med på damene sitt «all-star-lag». Der burde strengt teke Christina óg vore. Ho stod over fyrste kampen der Podémos sleppte inn to mål (vann 5-2). I dei fem kampane velledalstausa vakta målet, stod ho botnsolid med berre eitt baklengsmål.

Atle