Ny løpar til Velledalen IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Jan 2012
Bilete er henta frå Kondis.no
I dag ynskjer vi Eldar Kurseth velkomen i Velledalen IL sine rekkjer.
Eldar Kurseth er heilårsidrettsmann. Sykling i Sykkylven Sykkelklubb i store deler av året, ski om vinteren. I Birkebeinerrennet 2011 imponerte han stort. Med relativt få skiturar som ballast var han svært nær merkekravet. Absolutt eit realistisk mål denne sesongen for ein gjennomtrena kar.
Eldar er hundeidvikar av opphav. Han har ein idrettsglad familie som er faste «gjestar» mellom anna i Det Store Folkerennet og Minikonrad.
Vi ynskjer Eldar velkomen i laget. Han kan vere god nok til å kome på VIL sitt tremannslag i Fjellsæterrunden. I Birkebeinerrennet er han alt påmeldt, og han har godt over to månadar på seg til å finjustere forma