Folket sin idrettspris
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Jan 2012
Som ei god hjelp kan du gå i arkivet til VIL-nett. Her vil du finne 376 saker som handlar om idrettsåret 2011. Som ei ekstra hjelp har vi sett opp ei liste – i uprioritert rekkjefylgje – over dei personane vi meiner er dei heitaste kanditatane. Vinnar av denne prisen i 2010 vart langrennsløparen Svein Arne Nakken.
KANDIDATAR:
KENNETH FET: Sterk Fjellsæterrunde – nr. 4 totalt. VIL vann for andre år på rad lagpremien i rennet mykje takka vere Kenneth. Best av våre i Birken med 65 plass og tida 3.22.43. Solid Konrad-lø (16.04). Fleire gode renn på kretsplan.
KJELL MAGNAR BERLI:
Vår mest aktive utøvar i 2011. Vi nemner 1.53.12 i Geiranger halvmaraton (10.pl), 1.35.43 i Skåla Opp (33 av 124), 1.36.28 i Birkebeinerløpet (nr 25), og 1.03.27 i Saudehornet Opp (nr. 5). I tillegg deltok han i Varden Opp (nr 5), Mefjellet Opp (nr 9), Trollenykjen Opp (nr 5), Opp på Bruna og Opp på Sætra (samanlagtvinnar).
SVEIN ARNE NAKKEN: Sterk på ski med gode prestasjonar i lokale cuprenn, Steinfjellrunden på Austlandet, sette ny klubbrekord for VIL i Vasaloppet (5.02.06), nr 127 i Birken med 3.27.18 og med på VIL-laget som tok lagpremien i Fjellsæterrunden.
NILS TERJE SKYLSTAD: Klassevinnar (50-54 år) i Saudehornet Opp (1.10.28) og Eggjenipa Opp. Sterkt Konrad-løp like i overkant av 16 minutt.
VIGDIS FURE: 687 turar til trimboka «Opp på Bruna» i siste trimår.
OLAF ØIEN: Klassevinnar (65-69) år i Geiranger halvmaraton. 2.plass i same klasse i Saudehornet Opp. Ramsterk 8. plass i Birkebeinerløpet med tida 2.02.19. Sterk i Konrad-løpet og lokale motbakkeløp i Straumgjerde.
JAN RINGSETH: Klassevinnar (65-69 år)i hopp og kombinert på Stavsengfjellet i januar, 3. plas i Høgåsrennet i Trondheim, 6.plass i VM for veteranar i Tjekkia. Klassevinnar i eit anna renn i Tjekkia på same turen.
Sju gode kandidatar.
Alle kan delta i stemmegivinga. Kvar person har to stemmer. Desse kan ikkje
brukast på same person. I fjor kom det inn 44 stemmer totalt. Dette talet må slåast i år. Det vert trekt ut Ullmax-premie mellom alle som deltek i stemmegivinga
Svar til atlehole@online.no eller tekstmelding: 917 43 761