Kåre Bolstad til minne
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Des 2011
I ein alder av 66 år la Kåre Bolstad ned ferdastaven like før jul.
Kåre var ein av dei mest stillfarande velledalingane gjennom livet. Det fylgde ikkje mykje spetakkel med han. I alle fall ikkje i vaksen alder.
Men Kåre hadde sider eit fåtal av velledalingane under 50 år kjenner til. I unge år var han faktisk ein ivrig fjellmann.
Jan Lade har skildra dette godt i sitt «idrettsminne» som vert gjort offentleg i dag. Les Jan Lade sitt fjellminne frå eiga ungdomstida – og frå Kåre Bolstad sine yngre år. Ein verdig måte å minnast brøvollsmannen som trakka varsamt i all si ferd.
Idrettsminne 17:
Ladalen med Fjellsetra. Skisundag tidleg på femtitalet var synonymt med ei rekke skibussar og bilar parkert på riksvegen ved Fjellseterskiftet, og så var det å gå på ski med forgreiningar frå Gamlestølen,
og med turisthytta som siste mål, og der folk treftest. Bambusstavar og oppreiste ski stod som ein åker over heile plassen. Den var også arena for slalåmpremiering og langrenn der kjende velledalinger tok del. Og det er vel i dag vanskeleg å forestille seg skarp feltskyting med standplassar på begge sider av Fjellseterhytta. Men der fann stad store stemne. Som born av to arrangerande veteraner, Ole C. Brunstad og Arne Lade, var Kari Brunstad og eg med og klistra skiver, seinare også som juniorskyttarar.
Fjell og ski høyrde liksom saman. Og staden var Ladalen. For ein mindreårig gutunge var det langt å gå frå Fjellseterskiftet til Auskaret der eg vart dregen med av faren. Og minnet sette seg. Fleire år seinare gjekk Arild og eg same turen ein nyttårsaftan. Dagen var mørk og kort, og vi brøytte løype heile vegen opp. Der var ikkje eit lys å sjå, og ikkje eit einaste skispor heile vegen frå Fjellseterskiftet. Det minnet sette seg også. Tidene har jammen forandra seg.
Søken mot dei meir alpine fjellområda våre på sommarstid, starta for underskrivne etter første tur på Urfjellet saman med far. Etter å ha traska opp frå La og gått i ei uendeleg steinur var det eit kick å brått kome fram på kanten og oppdage tinderekka utover mot Hammarsettindane. Dette var nytt og spennande. Ved tenåringsskiftet vart det slik at Kåre Bolstad og eg, som ikkje spelte søndagsfotball, heller gjekk i fjellet. Arild kom med og så Rolf. Utifrå dette vart det seinare ein stor fjellaktivitet med utgangspunkt på La.
I skodde på Vellesæterhorn. Dette var hausten 1965. Rolf Lødøen, Magne Lade og eg sikta oss mot Storebreskaret. Eg hadde med smalfilmkamera og nytt hampetau, ei gjøring innkjøpt hos Bøtel-Lars. Dette var eit framskritt. Sist – og for første gong – gjekk eg opp her saman med Solmund Brunstad, - då hadde vi lånt hestetaumane hans Bø-Sverre. Den turen gjekk til Urkedalstind via Store Kløvheitind og ned att til Rengdalen. Hestetaumane kom godt med. Då som no sikta vi på hamrane på nordsida av skaret. Bresprekker var framandt farvatn og freista lite, vi hadde nok med å kome oss over på fast steingrunn.
Då vi på slutten av femtitalet starta "utforskning" av områda på Rånahalvøya, var brukandes kart mangelvare. Det prøvde eg difor etter beste evne å tegne sjølv, etterkvart som opplevingane kom. Innføring i fjellheimen var for oss Randersboka som gav bra beskrivelser, mest om oppstigninger og vanlege overganger. Ei anna kjelde var Nakkeberg-Karl, bestefaren til Kåre Bolstad. Han fortalde Kåre om detaljerte overganger, t.d. over Barstadflåna, ymse Sykkylvsskar eller til Brunstadhornet frå "Steinen på Leirå", ei tøff oppstigning for underskrivne og Kåre i brune gummistøvlar og strikkakufte i 1960.
Målet i dag var Vellesæterhorn, - korleis vi skulle kome oss dit var ukjent. På toppen av Storebreskaret fekk vi oversikt og såg nedpå den oppsprukne breen som strekte seg oppover frå Grøtdalen mellom Vellesæteregga og Blåtanna. Ettersom vi ikkje på det tidspunkt hadde breutstyr, heller ikkje erfaring, vart konklusjonen å fylgje egga innover. Det vart ein tur med småklatring opp og ned og tok lang tid. Utover dagen vart det vêromslag, skodda kom sigande. Vi kom etter kvart fram til skaret som deler egga frå hovudtoppen. Konstaterte at vi måtte både ned og opp for å nå den, - i skoddehavet virka det både bratt og laust – og vi visste ikkje om det var mulig å gå ned på andre sida, i allefall ikkje det vi hadde kunnskap om. Dessutan var skodda no heilt omsluttande, og vi var trøytte, svoltne og leie. Turen hadde vorte lengre enn rekna med, det tok straks til å skymest så gode råd var dyre.
Tidlegare hadde vi sett bilde og lese eit stykke i "Vi Menn" der to karar som dreiv landmåling hadde klatra opp den lange snørenna fremst i Vellesæterdalen og var fulle av lovord om naturen her. Der stod vi då, på toppen av renna – og såg ikkje for oss muligheita av den same, lange
vegen tilbake. I skoddehavet såg det ikkje så gale ut og tross alt hadde vi med gjøring! Så sikringspraksisen vart éin mann i kvar ende, to i sikringsenden, og så pendla vi til rennas motsette side og la oss nedom snøkanten, om den fanst. Var det breglepp vart sikringa å stå på snøen med så gode tak som mulig. Tauet stramma seg skikkeleg då eit flak losna under føtene til Rolf, som hoppa elegant av, og flaket dundra ned i dalen under. Nedturen enda godt og vi tok til å innsjå at det var kanskje ein idé å søkje meir kunnskap. To år etter stilte vi i Innerdalen på klatrekurs.
Nattleg besøk på Geitekammen. Vi hadde kome opp frå Riksheimdalen og opp i eit skar sør for Blåbretinden. Det var Arnold Bolstad, bror Magne og ein danske som eg hadde gått på klatrekurs saman med eit par-tre år tidlegare. Vi hadde utstyr med; tau, kramponger og isøks, og kryssa blåbreen ovanfor Fet, og kom opp på egga mellom Geita og Raudmålegga. Det hadde blitt godt skymt og vi starta med å lage to teltplassar der oppe på egga, der var akkurat nok plass når vi bygde litt. Vi fann til og med litt vatn, kokte suppe og styra der oppe på egga, klokka nærma seg midnatt. Brått fekk vi sjå to vandrarar kome oppover kammen på Geita. Temmeleg uvanleg, både staden og tidspunktet. Vi undra oss. Så viste det seg at det var like uventa for dei framande. Dei hadde nemleg telta nede ved Drivdalsvatnet, på tur over skaret mot Trandal. Dei sat og kosa seg i rolege omgivelser då det brått vart stor aktivitet oppe på egga rett ovanfor dei, i siluett mot himmelsjå. Dei hadde ikkje observert andre fjellfolk i området og lurte fælt. Så det måtte sjekkast. Vi hadde ein fin prat før dei rusla ned att. Vi sov godt og vakna til ein luftig morgon på egga før turen gjekk vidare opp Raudmålegga, så til Drivdalstind og Rengdalen.
Jan Lade