Sveits og Italia
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Des 2011
Det er slutt på den tida. I dag kan vi melde at Stian Mork skal gå Marcialonga i Italia i januar, eit renn han har delteke i tidlegare og som han likte godt. Seinare i vinter skal Terje Aurdal gå eit lengre turrenn i Sveits – faktisk eit fristilrenn. Same renn skal Ole Johan Lillestøl, rådmann i Sykkylven, gå. Svein Arne Nakken nøyer seg med Sverige som lengste reisemål. Han skal gå Vasaloppet for femte gong.
Meld frå til VIL-nett om du kjenner nokon med liknande planar. Vi kjem tilbake med resultat frå renna når tida er moda – neste år ein gong.