I morgo er det 16.desember
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Des 2011
Laila Ødegård gjekk hardt ut. Alt i barneskulealder og tidleg i tenåra markerte ho seg som eit emne utanom det vanlege. Greina var deklamasjon – av dikt må vite. Ei meiningsmåling frå tidelg 1970-tal syner at berre Rabbe-tausene var høgare rangert i den relativt snevre kulturelle verda; Velledalen med omland. Nokre år var Laila like viss under 17.mai feiringa i Velledalen som Harald Lødøen
var det med fela. Det seier sitt om posisjonen !
Men blodet har alltid gått i rastlause baner i kroppen til Laila, og ho gav avkall på dikta til fordel for ei meir sportsleg dreiing. I kvinnefotballen si fyrste tid på lokalplan, både krysstackla ho, og befølte, kvinnelege motspelarar frå sin posisjon som forsvarsspelar på VRF sitt damelag. Parallelt med dette markerte ho seg som ein stødig og treffsikker hesteskokastar. Dette var i pionertida til hesteskokastinga, i ei tid då velledalingane slost mot nordfjordingane med nebb og klør; ja, om kven som var hesteskokastinga sitt Mekka, og korleis regelverket skulle tolkast. I ei tidleg fase var Laila inne på topp-5 på landsplan i denne idretten.
Men heller ikkje no gav Laila talentet den sjansen det fortente. Ho fann i staden kvile i sjela med kræfisking og hesjing. Rett nok var ho ein periode beste kvinnlege kræfiskaren i Velledalen. Men heilt rett; slikt kasta lite av seg. Ho mønsta på som slåttehjelp i Larsgarden på Brøvoll hjå Eldrid og Asle Myhre. Her kapphesja ho med stor iver med Kallen på nabogarden, Jetmund. Framgangen var stor, og det var ei tid von om å kunne bli like god som førebiletet, Anita, i Larsgarden på Hjorthol. Slik gjekk det berre nesten.
Det vart ikkje pengar av kræfiske og hesjing. Pengane kom frå legekontoret. Her var Laila lenge rekna som den mest uredde sprøytestikkaren nord om Stad. Men det var ein krevjande jobb. Somme så skrinne at blodet ikkje rann, andre så feite at blodårane var uråd å finne. Her stakk Laila dag ut og dag inn, men skjøna fort at det var meir lukrativt å turrpreike med folk og skrive ut reseptar på medisin pasienten truleg ikkje trong, enn å ta aidsprøver av mannfolk i rundbrennarkategorien. Livet på Sykkylven legekontor lærte Laila at verda slett ikkje alltid er rettferdig.
Ho gjekk over til ASVO. Men lenge før det viste ho talent som «songwriter». Til ingen ringare enn Knut Storberget. Det heng høgt i Velledalen å ha sett på papiret ein song til ein person som seinare kunne smykke seg med tittelen justisminister i seks år. Laila er av dei få i dalen som har gjort dette. Tida i ASVO tok Laila eit steg vidare politisk. Det er ikkje å stikke under ein stol at ho denne tida tok ein politisk U-sving. Ho forlet Høgre og vart listefyll for Venstre. Sportsleg fekk ho eit stort pluss då ho skaffa ein strandar til å kappete marsipankake under ein av Kakeetarfestivalane på 2000-talet. At strandaren ikkje innfridde, ja, det var berre eit pluss.
Då urbaniseringa aldri nådde Velledalen, fann Laila at ho måtte finne «lukka i livet» på eiga hand. Dermed rykte ho med eit tastetrykk opp frå 2fan» av dei lavare divisjonar på Sunnmøre til Tippeligaen. Til vestkantklubben Stabæk må vite. Der gjorde ho stor lukke som frivillig. Hittil har ho ikkje tilstått å vere innblanda i tvilsomme økonomiske spelartransaksjonar mellom Stabæk og Vålerenga… Men Stabæk er uansett på veg mot stupet og difor ingen klubb og bli gamal i. Dette veit du, Laila!
Opphaldet på Austlandet har svara til forventingane i den forstand at kjendisstausen har skote i veret. Som deltakar i fjernsynsprogrammet «Oppgrader» - i beste sendetid -
vart Laila meir eksponert på ein halvtime enn på 45 år i Velledalen. Og vi må innrømme; ho kom meir enn skamlaust frå det.
No hadde vi nesten gløymt at ho i store deler av livet har vore ei fjellgeit. Ut på tur, aldri sur, heiter det. Eit augekast i nokre av trimgruppa sine årsmeldingar syner at Laila er inne på topp-10 lista samanlagt på
laget sine trimpostar både i 1991, 1992 og 1993. Vi kika så på listene for 2001 og 2002, og fordundre meg stod ho ikkje der også.
10. plass i 2001, 7.plass i 2002 med den nette poengsum 888. Serien hennar dette året lydde slik: 1 tur skogsvegen Hjorthol, 8 turar til Brunstadsætra, 32 turar til Vellesætra, 30 turar til Regndalen, 3 til Koppen og 15 på Myrdalsfjellet.
Då Laila vart 40 år vart det bada i stor stil på grunt vatn i Velledalen. Basseng-jubileum, vart det visst kalla. Gjevaste gåva den gongen var ei noko solid ullunderbukse. Den fekk ho av jakt- og veidemannen Brua-Bjørn. Denne er no utslita, vert det meldt frå slekta. Ikkje som eit hint om kva ho ynskjer seg, men til orientering. Gåver til jubilanten kan leverast til Oddhild og Magnus Ødegård i Velledalen – på dagtid - vert det meldt. Både mjuke, harde og gnallharde.
GRATULERER MED 50 GILDE ÅR!