Vigdis trimpostvinnar 2011
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Des 2011
I fjor vart ho nummer fire. Då med 376 turar «opp på Bruna». I år plussa ho på, slik at ho stod med 687 turar til same trimpost då sluttstrek vart sett i oktober. Vi berre minner om at året vanlegvis har 365 dagar. At alle ikkje er like godt eigna til å turgåing veit alle.
Inger Riksheim sin poengrekord frå 2010 lydde på 3978. Ein rekord ho sjølv høgda til 4249 dette året. Men mot Vigdis sine 4809 poeng kjempa sjølv dei djervaste til fånyttes. Vi kan ikkje anna gjere enn gratulere. Både som vinnar i 2011 og med poengrekorden – den vert lei å slette
Topp-10 trimpostar samanlagt 2011:
1.
Vigdis Fure 4809 poeng (rekord)
2.
Inger Riksheim 4249 p
3.
Solveig Olsen 3472 p
4.
Kjell Olsen 1785 p (beste mann)
5.
Kjell Magnar Berli 1585 p (på alle postar)
6.
Elling Hole 1568 p (eldst på topp-10)
7.
Arnhild Linga 1493 p
8.
Reidar Fure 1365 p (gift med vinnaren)
9.
Ivar Arne Flo 1344 p
10.
Grethe Fet 1240 p
Ei liste i likestillinga si ånd – fem kvinner og fem menn, men kvinnene gjorde reint bord på pallen. Meld feil til trimgruppa ved Nils Terje Skylstad.
Vi merkar oss at berre fire på denne lista er busette i Velledalen. Fem i Straumgjerde og èin på Ikornnes. Ikkje alle har skjøna det, men VIL er eit lag for meir enn velledalingar. Eit anna prov på det er Idrettsskulen og mange aktive med 6230 som postradresse.
Vi har diverre ikkje bilete av Vigdis, men skal prøve å få til eit lite intervju før jul.