Hundedominans i Ladalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Des 2011
I går var skifolket på plass i Ladalen, både to- og firbeinte.
VIL-nett var ute og testa langrennsløypa. Som vanleg heldt den god kvalitet. Føret var prima med eit par minusgrader i lufta. Det var ikkje spesielt tett mellom løparane, men det er førjulstid og litt av kvart å pjaske med.
Men dei firbeinte såg ut til å vere meir sugne på denne sesongstarten enn menneska. Imponerande mange av desse hadde funne vegen til løypene opningsdagen.