Samanlagtreultat trimpostar – i dag sølvplassen
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Des 2011
Nyleg presenterte vi Solveig Olsen på tredjeplass, i dag har vi ei kvinne på andreplass. Mannfolka bleiknar og ser sigerspallen forsvinne i periferien.
Dama på andreplass har utrulege 605 turar opp på Bruna i Straumgjerde. I tillegg har ho to i Riksheimdalen. Dermed “skogar” Inger Anne Riksheim inn 4249 poeng. I 2010 vann ho med 3978 poeng. Sjølv om ho dette året vart vippa ned frå trona, sette ho likevel ny personleg bestenotering målt i poeng.
Dei fleste kjenner Inger sine sportslege bravader, med eit utal KM-titlar på ski(langrenn). Nokre av dei som utøvar for VIL, men dei fleste for Ikornnes IL og nokre for Sykkylven IL. Ho var òg ein habil løpar i sine beste år, og ein slitar på VRF si midtbane i kvinnefotballen sitt fyrste tiår på Sunnmøre.
Vi gratulerer Inger med eit godt trimår i 2011. Om dei to beste – og suverene - på lista til no går på lavkarbo, eller andre blandingar vi velledalingar ikkje kjenner til, ja, det veit vi lite om. Når Geir Helge Grebstad i 2009 gjekk inn til 3248 poeng, etter “å ha sett lyset” i Regndalen, trudde dei fleste at
toppen var nådd. Så feil kan ein ta. I morgon presenterer vi årets vinnar!
2. Inger Riksheim 4249 p
3. Solveig Olsen 3472 p
4. Kjell Olsen 1785 p
5. Kjell Magnar Berli 1585 p
6. Elling Hole 1568 p
7.Arnhild Linga 1493 p
8. Reidar Fure 1365 p
9. Ivar Arne Flo 1344 p
10. Grethe Fet 1240 p